SOGNDAL KOMMUNE

Org nr 922 121 893
Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
Bransje: Kommunale og offentlige etater

Frå 1. januar 2020 er kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal slegne saman til Sogndal kommune. Kommunen har 11 972 innbyggjarar (ved utgangen av 1. kvartal 2021, tal frå Statistisk sentralbyrå) og er den tolvte største kommunen i Vestland fylke etter folketal. Sogndal har hatt sterk vekst i folketalet dei seinare åra. Sogndal kommune er regionsenteret i Sogn. Kommunesenteret er tettstaden Sogndal, som skal vere motor for utviklinga både for kommunen og regionen Kommunesenteret skal vera eit attraktivt senter i den nye kommunen og fremje livskvalitet, robust næringsliv og miljøvenleg transport. Det skal leggjast til rette for vekst og utvikling i heile den nye kommunen. Leikanger er administrasjonsstad i kommunen. Politisk og administrativ leiing er lokalisert her. Leikanger er vertsstad for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar. Leikanger og Sogndal har over lang tid etablert sterke fagmiljø innan offentleg forvaltning og utdanning. Kommunen er vertskap for to vidaregåande skular og Campus for Høgskulen på Vestlandet. Balestrand vert satsa på som lokalsenter i den vestlege delen av kommunen. Kommunen har store fortrinn med den flotte naturen. Balestrand er eit internasjonalt anerkjent turistmål. Sogndal har etablert seg som eit viktig destinasjonsmål for aktivitetsbasert reiseliv. Kommunen har høg næringsvariasjon og driv eit offensivt næringsarbeid. Næringsarbeidet byggjer på dei lokale og regionale fortrinna kommunen har. Kommunen skal vidareutvikle satsinga på reiseliv i Balestrand, Fjærland og Sogndalsdalen, på innovasjon og grundermiljøa på Campus, på industrimiljøet på Kaupanger, utdannings- og handelssenteret Sogndal og på kompetansemiljøa i Leikanger. Kommunen har eit godt eigna klima for frukt og bærproduksjon. Kommunen har eit stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar, og eit rikt tilbod innan idrett- og kultur. Vis mer Vis mindre

Roller

Daglig leder Tor-Einar Holvik Skinlo (f 1982)
Kontaktperson Arnstein Menes (f 1976)
Revisor Vestland Revisjon Kommunale Oppgåvefellesskap
Kilde: Brønnøysundregistrene

Konsern

Vis mer/mindre informasjon

Vil du vite mer om hva Proff® kan tilby din bedrift?

Ønsker du å bli Proff-kunde nå, eller vil du høre mer om hva vi kan gjøre for din bedrift? Vi kontakter deg for en uforpliktende prat.

Takk for din henvendelse. Vi vil ta kontakt med deg så snart som mulig.


Slik behandler vi dine personopplysninger fra dette skjemaet